Båten er funnen

Tresnekka som vart etterlyst på fitjarposten.no er funnen.

– Båten vart funnen etter tips frå ein lokal fiskar som fann båten liggjande ved ein kai på Hagavik.

Eigar køyrde båten hjem og vart møtt med flagg og folk rundt om som hørte og’lyden frå båten i mørkret.

Båten var vel heime igjen ca halv eitt natt til søndag.

Kalesjen frå båten og noko utstyr var fjerna, tennningen var øydelagt og prøvd tjuvkopla, skriv eigaraneLiv og Yngve Sætre som takkar for all hjelp frå kystfolket.