Her nede kasta den gjenstridige kviga seg utpå Storavatnet og sumde 400 meter før ho gjekk i land på Hogste. Foto: Kjetil Rydland.

Dramatisk kvigejakt på Storavatnet

Storfebøndene i Øvrebygda fekk seg ein dramatisk tur over Storavatnet då dei skulle samla inn kvigene for hausten.

Det byr ofte på store utfordringar å få inn ungdyra som har vore på beite heile sommaren. Dei kan vera ville og vanskelege å ha med å gjera etter å ha gått lenge utan nærkontakt med folk. Men den dramatiske soga frå Årbø høyrer til dei meir sjeldne opplevingane. 

Rydland Storfe har hatt fem kviger gåande på Årbø, nede ved Storavatnet, heilt sidan i vår. Dei hadde køyrt kvigene med traktor, og sett dei av på bøen. Derfor var nok dyra litt desorienterte då eigarane kom for å henta dei inn for vinteren.

Dei fem kvigene blei jaga oppover bøen av storfebøndene, som hadde mobilisert godt mannskap for høvet. Blant andre var Lars J. Rydland med ATV-en sin i fint driv på bakkane på Årbø. Men kvar gong dei nærma seg fylkesvegen og asfalten, blei det full stans, og det bar nedover mot Storavatnet igjen.

Etter fleire mislukka forsøk, skapte ei av kvigene seg heilt galen. Ho sprang ikkje berre ned til stranda, men kasta seg utpå Storavatnet. Bøndene Karl André Rydland og Gaute Aarbø fann seg ein båt og la etter. Men dei hadde si full hyre med å halda følgje med kviga, som viste seg som ein særs god symjar. 

Gaute fortel at kviga sumde slik me ser for oss ein sjøorm i vatnet, med hovudet godt over vatnet, og med ca. 10 cm av kroppen over vassflata. – Sjølv om ho ikkje hadde sumt før, var det heil tydeleg at ho visste korleis ho skulle gjera det, seier Gaute. 

Etter ein tur i land på Hogste, utan at bøndene fekk tak i henne, la kviga ut på ein ny symjetur over Storavatnet. No la ho kursen nordom Fureholmen og sumde nærmare ein kilometer, før ho steig i land på Tveita. Der steingarden kjem ned mot vatnet, eit god stykke nord for Tveitaelva.


Kviga la kursen nordom Fureholmen midt på biletet, og gjekk i land på Tveita, bak bjørka i forgrunnen. Foto: Kjetil Rydland.

Med Karl André og Gaute i båten rett bak rakk ho nesten å stiga i land på Tveita. Men der nådde dei igjen kviga før ho stakk av frå dei igjen, og Karl André fekk grima på henne i siste liten. Kviga hadde godt med krefter etter den lange symjeturen, men med grima på plass fekk Karl André overtaket, og han kasta tauet rundt eit tre. Dermed var kampen over, og dei kunne etter kvart leia det gjenstridige dyret opp til Grovene, der naboen kom med dyretransportvogna og køyrde kviga heim til fellesfloren på Rydland.

Etter det me forstår på andre storfebønder, er det ikkje første gongen dette har skjedd på Storavatnet og i Fitjar elles. Men det er heldigvis ikkje ei daglegdags hending.

– Dette er ei historie som er mykje kjekkare etterpå, seier Gaute Aarbø til Fitjarposten. Og lar det skina gjennom at det ikkje var så triveleg medan det stod på.

  


Lars J. Rydland konstaterer at den rebelske kviga har roa seg heime i fellesfloren. Foto: Kjetil Rydland.