Slik ser det ut i kyrkja akkurat no. Det nye galleriet skal byggjast ut på begge sider av der orgelet kjem, så langt fram som til søyla der det blå apparatet (biletet)  kviler mot kyrkjebenken. Foto: Håkon C. Hartvedt

Større galleri

Når Fitjar kyrkje vert teken i bruk igjen 1. søndag i advent vil eit nytt og større galleri vere på plass.

Heilt ferdig vil det rett nok ikkje vere. – Ein del arbeid der oppe vil ein fortsetje med etter at kyrkje er teken i bruk igjen, opplyser kyrkjeverje Harald Rydland.

Uansett er det er ein god del som skal gjerast før det førstre adventslyset vert tent.

Men så er det og stor aktivitet i kykja om dagen, med folk som gjer dugnad både på den eine og andre måten.

– Heilt imponerande, seier Harald Rydland om dugnadsinnsatsen, og er det fleire som har høve til å vere med, er det berre å ta kontakt med han.

På det nye galleriet vert det ikkje sett opp benkar, men stolar.