Illustrasjonsfoto: Trygg Trafikk

Tid for refleks

Trass i ein fin og lys haust i Hordaland, gjer mørket om morgonen og kvelden refleksen til ein naudsynt følgjesven. No oppmodar Trygg Trafikk i Hordaland folk om å finne refleksane fram att. Førstkomande torsdag, 20. oktober,  er det den nasjonale refleksdagen. 

Refleksen er framleis eitt av dei viktigaste, livreddande tiltaka du kan nytte deg av når du er ute og går.

– Refleksen reduserer risikoen for å bli påkøyrt med 85%, likevel er det berre tre av ti i den vaksne befolkninga som nyttar refleks, seier Knut Olav Røssland Nestås, distriktsleiar for Trygg Trafikk i Hordaland. 

Statens vegvesen har tidlegare gjennomført analyser som syner at mellom 35-36% av dødsulukkene skjer i mørket. Berre om lag 5% av dei som vert påkøyrt og skadd, nytta refleks. Det uroar Trygg Trafikk.

– Når du går langs vegen i mørket og får ein bil imot, er det stor skilnad på å ha refleks eller ikkje. I 50 km/t vil bilisten ha om lag ti sekund på å sjå deg og reagere viss du nyttar refleks. Utan refleks vil ikkje bilisten sjå deg før du er eitt par sekund unna. Då burde det ikkje vere tvil om at refleksen både er ei effektiv og billeg livsforsikring, seier Nestås.

I snitt døyr mellom 10 og 20 fotgjengarar årleg, om lag 100 vert hardt skadde og 450-500 lettare skadde. Ved å auke andelen som nyttar refleks, meiner Trygg Trafikk det er mogleg å redusere desse tala.

Nasjonalt er det eit mål om å nå ein refleksandel på 40% i tettbygd strok og 60% langs landeveg innan 2018. Tala i Hordaland for 2015 synleggjorde at høvesvis 23% og 52% nytta refleks i tettbygd og utanfor tettbygd strok.

– Me har enno ein jobb å gjere, men håpar at tiltak som årets refleks designa av Moods of Norway kan auke motivasjonen hjå mange til å nytte refleks. Dette er i høgaste grad refleksar som passar alle. Særleg ungdom har vore positive til dei, og det lovar bra, påpeikar Knut Olav Nestås, distriktsleiar for Trygg Trafikk i Hordaland. 

 

Fire tips til refleksbruk

1. Heng refleksen i knehøgda. Då mottar den mest mogleg lys frå billyktene. 

2. Vel refleksar som beveger seg når du bruker dei, dei er mest synlege. 

3. Fest refleks i lommer på alle jakker og vesker, så du ikkje gløymer dei. 

4. Kule og praktiske refleksar kan kjøpast både på nettet og i butikkar landet over.