Fotomontasje: Fitjar kyrkje

Orgel-prosjektet i kyrkja

– Ein drøy måned har gått sidan arbeidet med å klargjere til nytt orgel i Fitjar kyrkje starta. No kan du lese litt om kva som skjer, kor langt me er komen, og du kan sjå nokre bilete av prosessen så langt, heiter det på nettsida til Fitjar kyrkje. Og det er ei svært fin orientering du finn der.

– Arbeidet starta med å ta ned orgelet. Det var ein jobb for kantor, Jan, og hans medsvorne arbeidarar og orgelentusiastar. Det vart tomt i kyrkja utan orgel, det fekk ordførar, Wenche erfare då ho fekk med seg orgelpipa si heim.

Men verre skulle det bli. For ikkje berre skulle orgelet bort, men heile galleriet og. Dette for at det skal vere nok plass til det nye orgelet, når det kjem. Mange dugnadstimar seinare med fjerning av laust og fast inventar, bering, inspisering, rydding, sikring og tildekking, måtte til.

Måling og fuging
Når alt dette var gjort var det greit å komme til i alle krinkar og krokar av kyrkja med fugemasse og målarkost. Til dette fekk ein kunnig hjelp og stor dugnad friviljuge kyrkjelydsmedlemmar.

– Me er takksame for alle som har vore med til no, og me er glad dei ikkje har høgdeskrekk, heiter det på sida, og vidare:

– Det er vikitg at kyrkja både ser bra ut før det nye orgelet og galleriet kjem på plass, og at kyrkja er så god som mogeleg med tanke på akustikk. For dei som ønskjer å vete meir om dette, er kantor, Jan, meir enn glad for å fortelje.

For dei som ikkje er så opptatt av kvifor, men som heller vil vere med å gjere ein innsats, kan dei ta kontakt med kyrkjeverje, Harald. Han er og meir enn glad for å ta imot hjelp.

Open att 1. søndag i advent
Harald Rydland fortel elles at kyrkje opnar att 1. søndag i advent. Innviingsdato for det nye orgelet er sett til 26. mars 2017.

 Les meir her.