Illustrasjonsfoto: Stockphoto

Klar for influensavaksine?

– Fitjar helsestasjon vil som tidlegare år gje tilbod om influensavaksinering, og vaksine mot lungebetennelse for dei i risiko.

På nettsida til Fitjar kommune kan ein vidare lese følgjande:

«Ein skal ikkje tinga time, men møte opp på avsette dagar og vente på tur. Det vil vera to helsesystre som organiserer vaksineringa. Ein betalar kun kontant, så ta helst med nøyaktig sum. Etter vaksineringa må ein vente 20 minuttar før ein går.

 Det er avsett følgjande dagar til influensavaksineringa:

Tysdag 25.oktober, torsdag 27.oktober, fredag 28.oktober og Tysdag 1.november, frå klokka 09.00-14.00.

Pris for influensavaksine:  150,- Kr

Pris for pneumokokkvaksine (lungebetennelse):   400,- Kr

Me oppmodar sterkt om å nytte desse dagane, då dei er avsett til dette føremålet. 

For meir info ta kontakt med leiande helsesøster Linn Therese Olaussen, 

tlf: 53458606/91524832, eller epost: liol@fitjar.kommune.no