Skattelistene tilgjengelege i morgon 

Skattelistene vert tilgjengelege i morgon, men mange færre enn før sjekkar inntekta til naboen.

– Fredag 14. oktober blir skattelistene for inntektsåret 2015 tilgjengelege for presse og publikum. Den nedadgående søketrenden blant folk flest fortset.

Skatteetaten ser ein betydelig nedgang i folks interesse for å søkje etter informasjon om andre sin formue og inntekt, etter at ordninga med loggføring av kven som søkjer i skattelistene trådte i kraft i 2014.

– Talet på søk er redusert til ein tiendedel, talet på søkjarar er nær halvert og folk er ikkje lenger like opptekne av å sjekke kven som har sett på  skattetala deira, seier kommunikasjonsdirektør Mariken Holter i Skatteetaten.


Sidan oktober i fjor er det gjort over 1,5 millionar søk i skattelistene på skatteetaten.no, fordelt på i underkant av 470.000 unike innloggingar. Tilsvarande tall for inntektsåret 2012 er 16,5 millioner søk, fordelt på nær 927 000 unike innloggingar.  

 

steroide anabolisant achat belgique