Cupgeneral Charlotte Ayoe Levåg fotograferer vinnarlaget frå 9B etter finalesigeren. Foto: Kjetil Rydland.

Stort engasjement på HAFO

Førre helgs HAFO cup i Fitjar kultur- og idrettsbygg blei ein suksess, med god innsats, god stemning og eit vel gjennomført arrangement.

Leiar for arrangementet var Charlotte Ayoe Levåg. I tillegg til å organisera, var ho ofte å sjå på sidelinja som handballdommar. Som kjent består ein HAFO-kamp av ein omgang fotball og ein omgang handball. Til dommarar i fotballomgangane stilte spelarar frå A-laget til Fitjar IL.

 


10.-klassingane må innsjå at det går mot tap. Foto: Kjetil Rydland.

 

Kampane starta fredag ettermiddag, med ungdomsskulen, og før midnatt hadde dei kåra ein vinnar. I ein svært prestisjetung finale vann klasse 9B over 10-klassingane.

 

Daniel Skarpnes er ein god fotballspelar, men i HAFO cup er det gjerne handballomgangane som avgjer. Foto: Kjetil Rydland.

 

Dagen etter var det dei yngre sinn tur. Laurdag ettermiddag blei 7A kåra til vinnar, etter ein spennande finale.

Også i år stilte publikum opp i hopetal og heia sine fram til suksess. Med tanke på rekruttering er dette eit svært viktig tiltak, og me ønskjer handballgruppa til lukke med vel gjennomført HAFO cup.