Utsikt frå Litlasåto, den høgaste toppen i Fitjar, 676 m.o.h. Foto: Vidar Larsen.

24 gjekk 7-fjellsturen i Fitjar

Blant fleire hundre fjellfolk i Fitjarfjellet i går var 24 glade vandrarar som gjekk over dei sju høgaste fjella i Fitjar.

Den lokale 7-fjellsturen i Fitjar blei avvikla for første gong i 2011 etter initiativ frå Odd Sverre Larsen. Deltakinga var svært stor den gongen, på ein tur som gjekk over dei nordlege og nordvestlege toppane i Fitjar. Det første året gjekk ein blant anna ikkje oppom Grønafjellet og Litlasåto, dei to høgaste toppane i Fitjar.


Turfølgjet på Inste Klovskar. Foto: Vidar Larsen.

Av naturlege årsaker har traseen blitt lagt om, og har dei siste åra gått over desse toppane: Melen, Klovskar, Kongsskogbrunene, Litlåsåto, Grønafjellet, Tindaslottet og Kidno. I går gjekk turen i rekkefølgja nemnt ovanfor, med start og mål på Dalshaugane. 

 


Matpause på Tindaslottet. Foto: Vidar Larsen. 

Turleiar Vidar Larsen melder om 24 glade vandrarar som fekk ein fantastisk tur i det fine fjellveret i går. Dei fleste deltakarane var lokale, men enkelte var tilreisande. Dei gjekk i samla tropp, og brukte åtte timar og tre kvarter på den vel 27 km lange turen.

Og alle kom beinheile heim att, iallfall utan fysiske skader, ifølgje turleiaren. 

 


Traseen for årets 27 km lange 7-fjellstur i Fitjar. Foto: Kjetil Rydland.