Fitjar kyrkjekor. Foto: Torbjørn Hovland

Temakveld med kyrkjekoret

Temakvelden onsdag 12. oktober kl.19.30 blir ein salmekveld med Fitjar kyrkjekor.

Eli Simonsen skriv: «Kvelden har fått tittelen: «Det er godt å vera stille. Det refererer til Klagesongane 3,26 – «Det er godt å vera stille, og venta på hjelp frå Herren».

Først må det vera stille – så kan me byrja å lytta. I både gamle og nye salmar og songar ligg det mykje verdfullt tankegods. Me kan høyra Guds røyst, og finna rom for ettertanke.

Koret tek oss med på ei vandring gjennom salmeboka og inviterar også til noko allsong.

Per Egil Larsen og kantor Jan Overweg bidrar også instrumentalt.

Sidan kyrkja er stengt vil temakvelden vera på Fitjar bedehus.»