Over 90 bilar var parkert ved Olstjørna i går. Foto: Helga Rimmereid

Haustferie – og svært mange til fjells

Haustferien starta på Fitjar denne helga og det er reine «påskestemninga» i Fitjarfjellet, og over 90 bilar var parkert ved Olstjørna.

Helga Rimmereid har sendt oss bilete og denne stemningsrapporten:

«Varmande solstrålar, blå himmel, folkevandring i fjellet (i allefall langs vegane i Midtfjellet) – og  ulike dialektar oppover bakkane vitna om at det ikkje berre var lokale folk som var ute på søndagstur. Vidare var det mange blide ansikt å sjå, og ikkje mindre enn 90 bilar stod parkert ved Olstjørna kl. 12.30, og endå fleire var på veg opp.

Fine haustdagar gjev ekstra pluss med klår luft og fantastisk utsikt. Open veg til Osltjørna har gjort fjellet meir tilgjengeg, og dyrkinga ved Olstjørna har skapt nygjerrigheit. 

Rett og slett ein nydeleg dag i fjellet 🙂 ».

Utsikt over Fitjar. Foto: Helga Rimmereid

Dyrkingsfeltet v/Olstjørna (jfr tidlegare artikkel). Foto: Helga Rimmereid

Silas og Bergliot Aarbø Olsen klar for søndagstur i Fitjarfjellet. Foto: Helga Rimmereid

 

buy steroids