Niandeklassane har rydda i øyane

Ei kosestund med pølse, niste og kake i Fodno, høyrde med. Foto: Rune Sandvik

 – 24 elevar frå klassane 9 A/B har vore i øyane og rydda marint avfall. Mest plast og anna avfall som ikkje høyrer til i kretsløpet, fortel Rune Sandvik til fitjarposten.no.

– Ein fantastisk positiv og energisk gjeng som plukka og frakta bort meir enn femti sekkar på fem timar. Me gjennomfører dugnaden for SIM og får støtte til vår tur til Polen i 2017, legg han til. 

–  Godt jobba, seier me, takksamforat skulen og foreldre held oppe desse turane. Dei er viktige, ikkje minst fordi det snart er slutt på levande sanningsvitne som kan fortelje om det som hende Auscwitz og dei andre stadene dei skal vitje.