Ufjelgt!

Det synest ein av våre lesarar om hundebæsj på vegen.

Lesaren som har nemnt dette for oss går jamlege turar på skogsvegen rundt Rossneset. Spesielt vakkert har det vore i finveret som har gjesta oss i det siste. Det som ikkje er vakkert, men skikkeleg ufjelgt, er at «eg må gå med augo ned i vegen for å ikkje tråkka på hundebæsj», som han seier. Og han har lita forståing for at folk ikkje kan ta med seg hundeposar og ta med seg skiten.

Det har ikkje me heller. Me ønskjer alle at Fitjar skal vere ein triveleg plass, både å bu i og ferdast i. Men då må me sleppe å måtte gå å sjå ned i vegen i staden for å kunne nyte den vakre naturen.

Så kjære hundeeigarar: – Ver så snill, ikkje la hundebæsjen bli liggjande igjen på vegen om det er din hund som har produsert han.