Det byggjast i Søre Stølen, og framleis er det seks ledige tomter her. Foto: Håkon C. Hartvedt

Mange ledige tomter i Fitjar

Ønskjer du å byggje på Fitjar, er det mange ledige tomter. Dei aller fleste ligg i Rossneset Trivselspark, men det er og andre tomter.

Bygging i Rossneset. Dette huset er snart ferdigstilt. Foto: Håkon C. Hartvedt

I følgje Ranveig Ottestad er det rundt 100 ledige tomter på Rossneset, der det stadig er bygging. Bygging er det òg i Søre Stølen. – I dette feltet er det framleis seks ledige tomter, fortel Grete Anuglen i Engevik & Tislevoll AS. 

Når det gjeld leilegheiter / nøkkelferdige småhus held Reidar Helland på med å byggje opp tre bueiningar i Søre Stølen, og det er òg leilegheiter å få kjøpt på Rossneset.

Her byggjer Reidar Helland opp tre bueiningar, lik dei me ser i bakgrunnen. Foto: Håkon C. Hartvedt

 

Sion. Stova i ei av leilegheitene som er under bygging. Foto: Håkon C. Hartvedt

På Sjoareset har det vore ledige tomter. Den siste av dei er no selt, men det er vert ei ledig leilegheit i det tidlegare pinselokalet  «Sion» som no vert innreidd med tre husvære. Her kan Wigdis Karin Helland kontaktast.