Glad vinnar Linda Kjerland (t.h.) med f.v Kristina og Hedda Kjerland Kongestøl. Bak: REMA-kjøpmann Jan Stian Taule. Foto: Håkon C. Hartvedt

 – Ein bra start på helga

Det sa Linda Kjerland spontant då ho vart kåra som kunde nummer 1 000 000 hos REMA 1000 i dag.

Med på kåringa følgde nemleg flotte gåver, som ein Weber gassgrill, ein Bergans tursekk, ein Dolce Gusto kaffemaskin og eit gåvekort på 1000 kr frå REMA 1000. Gåver for rundt 7 000 kroner.

– Dette var sjølvsagt ei kjempeoverrasking. Ein skjøna ingenting då Jan Stian smelte av ein knallbongbong. Trudde det berre var litt fredagsmoro, smiler Kjerland, som fortel at ho handlar litt her og litt der. – Men no skal det bli grilling i helga, legg ho til.

1 000 000 kundar på seks år
I neste veke er det seks år sidan REMA 1000 starta opp på Fitjar. At dei no har nådd opp i ein million kundar, synest REMA-kjøpmann Jan Stian Taule er bra. Me snakkar jo om ei bygd der det berre bur rundt 3000 menneske, smiler han, og det er tydeleg at han synest det er gøy å kunne overraska med uventa gåver.