Med heile fem mål blei Vilde Vestbøstad t.v. toppscorar i kampen mot Varegg. Foto: Kjetil Rydland.

Fotballjentene vann tosifra!

17-årsjentene til Fitjar slo Bergens-laget Varegg heile 13-0 på kunstgraset torsdag kveld.

Det var ikkje måte på scoringsiver hos Fitjar-jentene då dei møtte gjestene frå Varegg i Bergen til dyst i den skarpe haustlufta i kveld.

Heimelaget gjekk straks opp i leiing, og gjekk ikkje til pause før dei leia 5-0.


Marte Rimmereid kan smila når laget leier 5-0 til pause. Foto: Kjetil Rydland.

 

Ved den femte Fitjar-scoringa blei Varegg-keeperen skadd og måtte gå ut. Dermed fekk Fitjar endå lettare spel etter pause.

Etter åtte mål i andre omgang kunne Fitjar notera heile 13-0 i protokollen, før dei frosne Varegg-jentene fekk reisa heim att til Bergen.

 


Malin Westvik i duell med ei Varegg-jente. Foto: Kjetil Rydland.

 

For første gong i ein fotballkamp skriv me lagoppstillinga med antal mål i parentes:
Eli Inntveit, Frida Traa, Marte Rimmereid, Kari Fitjar, Nora Marie Hellesund, Malin Tislevoll (2), Frida Kjærland, Vilde Vestbøstad (5), Thea Vestbøstad (2), Hanna Oline Stokken, Amalie Henriksen (3), Mathilde Rydland (1), Malin Westvik, Siren Vik og Mari Hatlevik. Dei to sistnemnde debuterte på J17-laget i kveld, til vanleg spelar dei for jenter 14. 

Etter kveldens storsiger ligg jentene frå Fitjar heilt på topp i 3. divisjon avd. 01 J17 Hordaland.

 


Så kjekt er det å sjå dottera scora mål! Foto: Kjetil Rydland.

 


Med ullteppe og godt spel heldt dei trufaste supporterane varmen i den skarpe haustlufta. Foto: Kjetil Rydland.