Ein stor flokk med unge o-løparar med premiane sine. Foto: Kjetil Rydland.

Sesongavslutning for o-gruppa

I går kveld markerte o-gruppa i Fitjar Idrettslag avslutning på sesongen med premieutdeling, bilete frå sesongen, pizza og saft.

Om lag 50 orienteringsløparar i ulike storleikar møttest i Fitjar kultur- og Idrettsbygg for å markera avslutning på ein aktiv sesong i skog og mark.

Dei yngste innleidde samkoma med seteradorientering på tribunen i Kultursalen, før o-leiar Rolf-Atle Rolfsens kalte saman til den formelle delen av klubbkvelden.


Seteradorientering i Kultursalen. Foto: Kjetil Rydland.

Gjennomgangen av sesongen bar vitnemål ei o-gruppe i god aktivitet. O-leiaren viste på systematisk vis korleis deltakinga har utvikla seg. Det gjekk fram at aktiviteten har halde seg på eit jamt, høgt nivå dei siste åra.

Blant populære tilbod for o-folket er Turorientering, stolpejakt og o-løp på Fitjar, Stord og utanfor Stordøya. Det vanka premiar til alle løparane som hadde vore med på meir enn tre løp. Mange hadde delteke i over ti løp, og travlast av alle har Jens Øien Kloster hatt det, med heile 35 løp i sesongen.


Bileta frå sesongen vitna om stort engasjement. Foto: Kjetil Rydland.

Elles vanka det merke både i gull sølv og bronse til dei som hadde vore flittige på Turorientering. 

Rolf-Atle Rolfsnes vil ikkje la o-løparane gå i dvale til vinteren, og lovar nattløp/gateløp annankvar onsdag når hausten blir mørk nok. Han lovar òg teorikveldar for store og små, og joggeturar i Rossneset og på fjellet. 

Øyvind Skålevik serverte pizza og saft, før klubbkvelden blei avslutta med quiz. Som vekte stort engasjement hos dei unge deltakarane. 


Quizen vekte stort engasjement. Foto: Kjetil Rydland.