Mykje latter då Ingebrigt S. Sørfonn vann to zaloflasker rett etter kvarandre, og mindre vart det ikkje då òg Sølvi vann ei flaske zalo. Foto: Håkon C. Hartvedt

Triveleg på Indremisjonsbasar

Fitjar Indremisjonsforeining skipa i går til basar. Ei foreining som viser seg å vere 140 år gamal i år, i det det går fram av gamle bøker at ho vart stifta i 1876.

No vart ikkje det markert med brask og bram. Det blir det nok om 10 år om foreininga framleis held det gåande.

Men basar vart det, og godt med folk. Og ei god og triveleg stund vart det. 

Også Lars K. Vik fekk vaskeprodukt med seg heim etter basaren i går. Foto: Håkon C. Hartvedt

Dagleg leiar i Indremisjonssamskipnaden, Marit Hårklau Ådnanes, heldt ved hjelp av plakatteknikk ein andakt alle forstod. Hovudbodskapen var at Jesus er midt i blant oss og let seg finne for den som søkjer han.

Fin og forståeleg andakt ved Marit Hårklau Ådnanes. Foto: Håkon C. Hartvedt

Anne Berit Vik leia det heile med stø hand. Naturleg nok var det haustlyng mellom gevinstane, men og mange vaskeprodukt, og rett løye vart det då Ingebrigt og Sølvi Sørfonn vann zalo heile tre gonger. Så det blir nok ein skikkeleg oppvask i den familien, vart det vitsa med.

Naturleg med lyng mellom gevinstane på haustbasar. Foto: Håkon C. Hartvedt

Anne Berit Vik. Foto: Håkon C. Hartvedt

Alt i alt ein triveleg basar som gav gode kroner til misjonen.