Styremedlem i Fitjar fjellsameige Helga Rimmereid får æra av å setja gravemaskinskuffa i den fine jorda. Foto: Kjetil Rydland.

Nydyrking på Blekjet!

I går sette dei gravemakinskuffa i jorda på Blekjet, og dermed er ein hundre år gammal draum i ferd med å bli røyndom.

I området som har fått vegutløysing i samband med vindmølleparken i Midfjellet, ligg det 1000 mål dyrkbar jord som bøndene i Fitjar har sett med lengsel på i alle år. Rundt 300 meter over havet ligg den finaste matjord, som dei ikkje har greidd å gjera seg nytte av.

Kartlegg kostnaden med dyrking i større skala
Før no. Men det er i denne omgang ikkje snakk om å dyrka heile det store området. I går var det anleggsstart for dyrking av eit område på knapt 50 dekar. Leiaren i Fitjar fjellsameige, Harald Rydland, ønskte Odd Jarle Tislevoll og Kjell Kristian Olsen i Waage Anlegg lukke til med arbeidet. 

Rydland fortel til Fitjarposten at dei har fått støtte til prosjektet frå Hordaland fylkeskommune og Fylkesmannen, 50 000 kroner frå kvar av partane. Forsøka med tre små prøvefelt i området har vore så vellukka at dei ønskte å dyrka meir land. Dei små felta har gitt bra potet- og grasavlingar.

Målet i denne omgang er å kartleggja kor mykje det kostar med nydyrking i større skala. Meininga er at det nydyrka området skal leigast ut, og at det skal bera seg økonomisk. Eit fordyrkingslag vil leiga jorda når no er klar. Det vil bli høve til å dyrka både poteter, gras og bær, seier Harald Rydland. 

Overflatedyrking frigjer mindre CO2
I området på vestsida av vegen skal Waage Anlegg overflatedyrka rundt 20 mål. Då går dei ikkje djupare enn 30 centimeter, men det er nok til at det skal gå an å dyrka gras på feltet. På austsida av vegen skal det fulldyrkast knapt 30 mål. Anbodet på denne jobben er det Geir Strand som har vunne. I dette området er det litt meir stein, og litt myrar, som må grøftast. Ved fulldyrking går ein 70-80 centimeter ned i jorda.

Eit poeng med å skilja mellom overflate- og fulldyrking er at dei vil sjå skilnaden i pris på å dyrka etter den ein eller den andre måten. Ein fordel med overflatedyrking er at den ikkje frigjer så mykje CO2 som fulldyrking.

Entreprenørane skal vera ferdige med dyrkinga til nyttår. Til våren blir det steinplukking, og Harald Rydland reknar med at jorda vil bli sådd i til sommaren 2017. Med i budsjettet for det nye dyrkingsfeltet er kostnaden med eit to meter høgt hjortegjerde. 

Ei ressursgruppe for nydyrking i fjellet har alt vore i aktivitet i fleire år. Dei har vore og studert samanliiknbare prosjekt på Sørlandet. Med i gruppa er leiraren i fjellsameiga, Harald Rydland, Johannes Sandvik, Tore Sigurd Fitjar, Reidar Kolster og seniorrådgivar på landbrukskontoret, Audun Inge Torvund. 

Mangla infrastruktur
Sistnemnde kjenner godt til planane om dyrking i fjellet; det har blitt mykje omtalt både før og etter han begynte i Fitjar kommune i 1982. Før andre verdskrigen blei det bonitert i området, noko me kan sjå holer etter enno. Og fleire generasjonar har duskutert om det let seg gjera å dyrka i fjellet. 

Men fram til no har dei mangla infrastruktur. Jorda var fin, det visste dei, men ho låg litt for langt vekke. I mange år var dyrking heilt uaktuelt på grunn av av det låg i nedlagsfeltet til Fitjar vassverk. Dette endra seg ikkje før det blei slutt på elveinntaket i Juvet, og inntaket blei flytta opp til Svartavatnet. Andre faktorar som har drege i same retningen er betre veg, betre maskinar og betre økonomi i Fitjar fjellsameige. 

Den beste jorda i Fitjar!
Etter at Helga Rimmereid hadde teke eit godt jafs med gravemaskinen i går føremiddag, kunne dei frammøtte slå fast at jorda er akkurat så fin som dei trudde. Dette er den finast jorda i Fitjar! Audun Inge Torvund er ikkje overraska; han såg på vegetasjonen at jorda var god. Blant anna er blåbærlyng ein god indikator, seier han. Jorda er nesten fri for stein, og litt raudfarge indikerer at det er nyttige mineral i jorda, seier Audun Inge. Det gjer blant anna at denne jorda held betre på varmen enn myr. 

Til liks med dei forventningsfulle bøndene synest han det er kjekt det endeleg blei noko av prosjektet etter alle desse åra. 

 

 


Harald Rydland ønskjer Odd Jarle Tislevoll lykke til med arbeidet. Foto: Kjetil Rydland.

 


Reidar Kloster og gravemaskinkøyrar Kjell Kristian Olsen konstaterer at jorda ser veldig fin ut. Foto: Kjetil Rydland.

 


På austsida av vegen skal Geir Strand fulldyrka knapt 30 mål. Her er det både stein og myr, som treng drenering. Foto: Kjetil Rydland.