Illustrasjonsfoto: Frå Engesund Fiskeoppdrett AS. Arkivfoto: Håkon C. Hartvedt

Kommunen får 10,7 millionar frå Fiskeridirektoratet

Fitjar kommune er tildelt 10,7 millionar kroner i samband med tildeling av «grøne» tillatingar til lakseoppdrett i tildelingsrunden 2013, og det kan bli meir.

Grøne tillatingar har som føremål å redusere miljøutfordringane med rømming av oppdrettsfik og spreiing av lakselus. Søknadene om desse tillatingane vart vurdert av ein eiga faggruppe utnemnt av Fiskeri- og kystdepartementet, etter at Fiskeridirektoratet lyste ut 45  løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure 1. juli 2013.

I brev frå Nærings- og fiskeridepartementet, datert 3. april 2014 vert det slege fast at kommunane skal ha 10,75 millionar kroner for kvar gjevne tillating innan kommunen. For Fitjar kommune er det snakk om to tillatingar, Men sidan den eine lokaliteten vart overført til Masfjorden, vert denne førebels halden tilbake i påvente av at Nærings- og fiskeridepartementet skal avklare korleis denne tillatinga skal fordelast mellom Fitjar og Masfjorden. Men meir pengar kan det utvilsamt bli.

– Dette var overraskande og svært gledeleg for Fitjar kommune og ikkje minst god distriktspolitikk med Høgre i regjering, kommenterer ordførar Wenche Tislevoll.

 Les meir her.  

 

http://www.fiskeridir.no/Akvakultur/Tildeling-og-tillatelser/Kommersielle-tillatelser/Laks-oerret-og-regnbueoerret/Groenne-tillatelser