Foto: Jøran Reigstad

Bronse i Bauge Elite Cup

Leander Wilhelmsen Reigstad og Jone Nysæter har i helga spelt Bauge Elite Cup for Team Sunnhordland.

Fitjargutane har begge hevda seg bra og har fått mykje god læring med seg.

Team Sunnhordland vart puljevinnar og gjekk vidare til A-sluttspelet etter siger mot Egersund, Søgne og Gneist i dei innleiande kampane. 

I semifinalen vart det tap for eit godt Vard-lag (som forøvrig vant cupen). Team Sunnhordland heva seg igjen og vant bronsefinalen 1-0 mot Gneist etter mykje godt spel. 

 

Bronselaget. Foto: Jøran Reigstad