Odd Sverre Larsen, Ingrid Vestbøstad og Sissel Våge. Foto: Arve Havnerås

Siste dag for fitjarbanken

Etter 151 års drift la Sparebanken Vest i går ned sitt kontor i Fitjar.

Mange kundar var innom banken og takka Ingrid Vestbøstad og Sissel Marie Våge for den gode jobben dei har gjort. Mange gav utrykk for at dei ikkje likte nedlegginga, men samstundes hadde dei ei forståing for endringa.  

– Då banken flytta inn i lokala hausten 1985, var dei 14 tilsette. Dei siste åra har banken blitt styrt og betjent av to årsverk. Kundane sette pris på at dei fortsatt skulle få treffe desse to, sjølv om dei måtte til Leirvik. Eller som Ingrid Vestbøstad sa det, «dette skal gå fint, dåke treff meg og Sissel på same telefonnummer som før, og me vil gjere alt for at dette skal gå bra.

Dei som kom innom fekk kake og kaffi, noko som vart godt motteke.

Ein av gjestane var ordførar Wenche Korsvik Tislevoll. Ho ville sjå om bildet (Måleriet til Karl Gloppen) fortsatt var intakt. Og ifølge ho vil bildet vil bli flytta til Fitjar Kultur- og Idrettsbygg ein av dagane. Banken har ein del overflødige stolar og bord. Noko av dette vil gå til kyrkja, barnehagar osv, fortel banksjef Arve Havnerås til fitjarposten.no.

F.v. Gerd og Ole Træet, Arne Vågen og Wenche Tislevoll. Foto: Arve Havnerås

F.v.  Arvid Ole Refvik, Ingrid Vestbøstad og Johanna Heggøy. Foto: Arve Havnerås