Vêret stoppa temakvelden

Temakvelden med Sylfest Lomheim som skulle ha funne stad kl 19.30 i kveld er AVLYST.

Årsaka er vêret, skriv Eli Simonsen i ein sms.

– – –

Fitjarposten har elles ikkje fått melding om at det har skjedd noko med tre eller anna som har blåse ned. Heller ikkje har Fitjar kraftlag så langt måtta rykkje ut i samband med vêret.