Viktig melding frå Kraftlaget

Fitjar Kraftlag har sendt oss ei viktig melding som du kan lese nedanfor.

I samband med den kraftige vinden, ber me publikum vera varsam dersom ein oppdagar situasjonar der tre/linjer har falle ned.

Dette må snarast varslast til vakttelefon: 53 45 76 10.

– Linjer som har falle ned må ikkje berørast, og ein må halde god avstand.

– Tre og andre gjenstandar som ligg over leidningar må ikkje berørast, og ein må halde god avstand.

– Berøring av leidningar og tre/gjenstandar i berøring med leidningar kan vera livsfarlig!

 

Mvh

Fitjar Kraftlag