Sigurd Andre Maraas. Foto: Harald Johan Sandvik

Høyringssak i kommunestyret

Nye oppgåver til større kommunar.

Kommunal- og moderniseringsdepartementet har invitert kommunane til høyring om nye oppgåver til større kommunar. Bakgrunnen for høyringa er Stortingsmelding nr. 14, 2014-2015, «Kommunereformen – nye oppgaver til større kommuner» Høyringsfristen er sett til 1. oktober og det vert teke sikte på å leggja fram ein samla lovproposisjon om nye oppgåver til kommunane våren 2017.

Med bakgrunn i departementet sine uttalar om større, robuste kommunar som skal kunna ta på seg større oppgåver, verkar framlegga til nye oppgåver noko underlege. Dei fleste har vel sett for seg større utfordringar.

I høyringa vert kommunane bedne om å ta stilling til desse oppgåvene:

1. Overføring av vigselsmynde frå sorenskrivaren til kommunen. Ordførar og varaordførar vert då vigslarar gjennom sine rollar, men kommunestyret kan delegera vigslingsmynde til andre personar i kommunen.

2. Oppgåver lagt til notarius publicus. «enkle notarialbekreftelser» kan leggjast til kommunane. Oppgåvene er knytt til å stadfesta dokument. 

3. Vilt og innlandsfiskeforvaltning. Det er framlegg om at kommunane får høve til å fastsetja jakttid for einskilde framande/introduserte artar etter § 3 i forskrift om jakt og fangsttider. Heilt konkret inneber endringa at kommunen kan opna for jakt på kanadagås og stripegås inntil 15 dagar før ordinær jakttid og to månader i etterkant av ordinær jakttid.

4. Forureining. I framlegget vert det lagt opp til at kommunane kan få mynde til å gje utsleppsløyve etter forureiningslova § 11 når det gjeld grønnsakvaskeri. Kommunane får også mynde til å regulera støy frå vindkraftanlegg, støy og støv for motorsportbanar og støy frå skytebanar.

5. Bustadsosialt arbeid. Det vert gjort framlegg om å styrka kommunane sitt bustadsosiale arbeid gjennom å leggja Husbanken sine tilskot for tilpassing og etablering inn i rammeoverføringa til kommunane. 

6. Idrettsfunksjonell godkjenning av symjeanlegg. For å kunna søkja tippemidlar til bygging av anlegg for idrett og fysisk aktivitet, må anlegga ha ei idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning. Departementet har ikkje tidlegare gitt kommunane mynde til å gjennomføra idrettsfunksjonell førehandsgodkjenning av symjeanlegg.

7. Nærings- og miljøtiltak i skogbruket. Framlegget inneber at forvaltninga vert overført til kommunane.

8. Tilskot til tiltak i beiteområde. Dette er heimla i jordlova og skal leggja til rette for best mogleg utnytting av beite i utmark. 

9. Kollektivtransport. I høyringa vert det drøfta overføring av fylkeskommunen sitt ansvar for kollektivtransport til kommunane, men ikkje for ferjer. Dette gjeld i praksis store byar. Departementet ser for seg at dette skal gjelda kommunar med minst 100.000 innbyggjarar. 

I debatten i kommunestyret kommenterte Agnar Aarskog, Ap, Harald Rydland, KrF, og Karen Elisabet Rydland Sæbø, Sp, og ordførar Wenche Tislevoll, H, at dette var oppgåver som det er kurant å handtera også i små kommunar, det var venta at større og tyngre oppgåver vart presenterte. Sigurd Andrè Maraas, FrP, meinte det kunne vera bakstreversk å setja seg imot ordninga som gjaldt kanadagås. Han var mykje meir oppteken av den nye ordninga for borgarleg vigsel. Der bør ein rå til at kommunestyret utnemner vigselpersonar i kommunen, stryk ordførar og varaordførar i den samanhengen!

Då saka vart teke opp til røysting, vart Sigurd Andrè Maraas sitt framlegg om at kommunen utnemner vigselpersonar, vedteke med 12 røyster. 5 røysta for formannskapet sitt framlegg.