Ordføraren presenterer folketalet i Fitjar saman med Taakeluren sin karikaturteikning der ho vaktar kommunegrensa. Foto: Harald Johan Sandvik 

Ordføraren sitt politiske kvarter

Skrive av Harald Johan Sandvik

Kommunestyremøtet i dag var eit av dei kortaste på lang tid. 

Ein time og 36 minuttar etter at ordførar Wenche Tislevoll ynskte representantane velkomne, kunne ho heva møtet. På grunn av den korte saklista innleia ho møtet i dag med ordføraren sitt politiske kvarter.

Ho synte først til den gode utviklinga i folketalet i Fitjar. Den siste teljinga seier 3.168 innbyggjarar. Vidare fortalde ho om kommunereforma, der fylkesmannen seier at han ikkje vil bruka tvang i Sunnhordland. Samtidig håpar han at ei samanslåing av Fitjar, Bømlo og Stord vil modna seg fram. Det fekk ein politikar frå Bømlo til å kommentera: «Det er rimeleg grøn frukt på Bømlo enno!»

Mange andre saker er under arbeid: Politireforma og regionreforma skjer samtidig og kan ha innverknad på kvarandre. Dersom regionane vert delte etter politireforma, går Fitjar, Stord og Bømlo til Rogaland. Det er sterkt å ynskja at modellen med samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland vert den nye regionen vår. Dette er sak i Fylkestinget tidleg i oktober.

Interkommunal strandsoneplan er ei tung og treg sak, ikkje minst på grunn av motsegn frå Fylkesmannen. Den nye Øyaplanen har heile tida lege tidsmessig etter den interkommunale planen, då denne legg føringar for Øyaplanen. På grunn av sein framdrift på  den interkommunale planen, oppheva ein vedtaket om byggje- og delingsforbod 1. juli, slik at det no er ope for å søkja på vanleg måte etter noverande regelverk.

Ordføraren var vidare mellom anna inne på E39 Stord-Os, der alle kommunane i Samarbeidsrådet arbeider for snarast mogeleg framdrift, før ho kommenterte fylket sin skulebruksplan, og Fitjar Vidaregåande Skule spesielt. No er skulen berga i denne omgangen, men det ligg inne ei formulering om at to klassar kan verta flytta til Stord. No må den formuleringa takast bort i det endelege vedtaket i Fylkestinget neste veke!

Vegen på vestsida: No er parsellen Rimbareid-Vik lyst ut, og det vert tilbodsopning i november. Den er kostnadsrekna til 53 mill, og seinare kjem utbetringa frå kyrkja og gjennom sentrum, 12 mill.

Det skal utarbeidast ny reguleringsplan for Håkonar Næringspark. Den gamle planen er 30 år, og mykje er endra på den tida.

Til slutt minna ho om TV-aksjonen 23. oktober, og utfordra folk til å melda seg som bøsseberarar. Og så bør Fitjar vinna Sunnhordlandskampen i kroner pr. innbyggjar!