Solveig Leithaug var ein av dei første som spelte på det nye pianoet i kyrkja. 6. oktober vert eit nytt piano i Fitjar kulturskule innvia. Då er det Magnus Holm som skal traktere tangentane. Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Markerer 40 år og nytt piano

Når Fitjar kulturskule har konsert 6. oktober, markerer dei både 40-årsjubileum og nytt piano.

Rektor Håvard Kroka seier såleis at det nye pianoet kan sjåast på som ei jubileumsgåve til skulen. Skulen vart starta opp som ein av dei første musikkskulane i Hordaland 1. august 1976, vart nedlagt av økonomiske årsaker i slutten av 80-åra, og starta opp igjen i 1992 som Fitjar kulturskule.

Til innviingskonserten av pianoet 6. oktober har ein engasjert pianisten Magnus Blom, som vil vise litt av kva det nye pianoet duger til. I tillegg vert det ein variert og flott elevkonsert som vil syne kva som rører seg i Fitjar kulturskule no.