Heidrar Berta og Hilma

Berta Liarbø ved veven. Arkivfoto: Håkon C. Hartvedt

Med utstillinga «Oppstadveven» med åkle og teppe av Berta Liarbø som opnar førstkomande laurdag, vert desse to kvinnene heidra for å ha berga oppstadveven for framtida.

Utstillinga som opnar laurdag ettermiddag finn stad i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg. Her vil ein òg kunne sjå ein film som syner oppstadveven i bruk. Arrangør for utstillinga er Karvel Strømme i samband med Fitjar folkebibliotek.

I samband med dette set me på ein artikkel underteikna skreiv i Bladet Sunnhordland då Berta Liarbø fekk kongesølv i 2001. Artikkelen følgjer nedanfor.

 – – –

Kongeleg heider til Berta Liarbø

Av Håkon C. Hartvedt

Fitjar kommune heidra med middag og gode ord. I tillegg var det lykkeønskingar frå både Danmark og Tyskland då Berta Liarbø vart tildelt kongens sølv på Fitjar fjordhotell i februar 2001. Underteikna skreiv då følgjande artikkel om ho.

Danmarksbrevet kom frå redaktøren i tidsskriftet ÇSKALKÈ som vert utgjeve i 40 000 eksemplar. Redaktøren skriv mellom anna: «Som traditionsbærer inntager Berta Liarbø en enstående position, og det kulturhistoriske tidsskriftet ÇSKALKÈ har grund til at være hende

emeget takknemmelig for, at det gjennom Brita Skres fine perle af en videofilm er blevet muligt at kunne videregive et indtryk af Berta Liarbøs viden og arbejde til danske højskoler, museumsfolk og interesserede privatpersoner.»

Dei tyske lykkeønskningene kom fråâ Dr. W. Haio Zimmermann ved Niedersächsisches Institut für historische Küstenforschung. 

I slutten av helsinga si, seier Zimmermann følgjande: (skrive på dansk): «Jeg håber, at kommunen ved også i fremtiden, hvilken vigtige tradisjonsbærer den har boende i sin kommune og at de understøtter Bertas arbejde hvor muligt.»

Bevisst innsats

Sterke ord, men ikkje sterkare enn av dei vart understreka av både rådmann

Harry Herstad og av ordførar Agnar Aarskog som, på fylkesmannen sine vegner, stod for utdelinga.

Berta har gjort ein bevisst innsats for å hindra at denne eldgamle vevtradisjonen I Hordaland skulle døy ut. Ho har teke vare på, og bruker, eldgamle mønster i teppa ho lager. Ho har halde kurs i veving på oppstadvev, og ho har også demonstrert denne vevemåten på mange museum. I 1997 var ho til dømes ein heil veke på Vestbanen i Oslo der ho demonstrerte denne vevinga. 

1994 var H.M. Dronning Sonja på besøk hos Berta på Liarbø. Der fekk ho sjå Berta i arbeid med veven. Dronninga fekk og prøve dette handverket.

Hennar Majestet fekk dessutan med seg eit åkle, laga av Berta, som gåve frå Fitjar kommune, sa Aarskog som, før han overrekte den kongelege medaljen, minna om at Berta Liarbø fekk Fitjar kommune sin kulturpris i 1991.

Einaste sør for Polarsirkelen
Tore Lande Moe helsa frå Sunnhordland Folkemuseum. Han peika på at oppstadgogn-tradisjonen hadde falle bort om det ikkje hadde vore for Berta.

– Ho er den siste tradisjonsberaren i ein uendeleg lang rekkje med kvinner som strekkjer seg tilbake til vikingtida, og lenger enn det og. 

I Sunnhordland Folkemuseum har vi valt oppstadveven som motiv i logoen vår, sa Moe og overrekte blomar.

Filmar
Brita Skre har kjend Berta Liarbø i 40 år. Ho har og vore med på å laga to filmar om vevkunstnaren frå Fitjar. 

-Eg vonar desse filmane kan vera med på å berga denne tradisjonen som Berta står for, vidare inn i det nye tusenåret.

Og Fitjar kommune skal vita at dei er privilegert som har hatt den einaste oppstadgogn-vevaren sør for Polarsirkelen, midt i mellom seg, sa ho.

Nye vevarar

Men Berta Liarbø kjem ikkje til å gå i grava med sine kunnskapar.

Ved høgtida på Fitjar fjordhotell, var og fire av elevane hennar til stades.

Mest kjend av dei er nok Hilma Lønning som for ein del år tilbake vov eit teppe til motekjendisen Per Spook. Dei andre elevane hennar som var til stades var: Ingeborg Helen Malkenes, Sigurd Riise og Martha Lohndal.

I 2016 veit me at òg Heidi Liarbø har lært seg denne teknikken.

 

Bilete:

 

1. Kongeleg heider til Berta Liarbø .

 

2. Ordførar Agnar Aarskog gratulerer etter at fortenestmedaljen er komen på plass der han høyrer heime.

 

3. Berta med elevane sine: f.v. Hilma Lønning, Sigurd Riise, Berta, Martha Lohndal og Ingeborg Helen Malkenes.