Jessy Jensen, Morten Helland, Marta Helland og Elisabeth Rydland på Solfonn i 1959. Foto: Nils N. Rydland.

Drosjeårsmøte på Solfonn

I 1959 heldt drosjeeigarane i Hordaland årsmøte på Solfonn Turist- og Høgfjellshotell, og Fitjar var godt representert.

Morten Helland og Nils N. Rydland var framståande drosjeeigarar den gongen, og dei var naturlegvis med på møtet. Men dei reiste ikkje åleine, dei tok det som ein heil liten ferie med sine nærmaste. Det var sikkert naturleg, for på den tida var dette ei mykje lengre reise enn i dag, og dei fekk eit sjeldant høve til å få sjå seg om. 

Dei reiste standsmessig i Nils Rydland sin nesten nye Opel Kapitän, 1957-modell. I «Kapteinen» var det plass til to passasjerar framme, og bak sat tre vaksne ganske godt. Både Nils´n og «Mårtein» hadde konene sine, Marta og Elisabeth, med. Ein tredje drosjeeigar var òg med på denne turen. Jessy Jensen frå Rimbareid dreiv nemleg drosje på Stord i mange år etter at mannen hennar, Halvor Jensen, døydde i 1957, berre 37 år gammal.

I tillegg hadde dei med seg Martin Torvund; han blei med på ein aldri så liten rundtur med drosjefolket. Etter at møtet var over, drog han vidare til Stavanger, og Jæren, der han var busett. Etter alt å dømma blei han sett av i Haugesund på heimvegen.

Den oppstemte gjengen tok først MS «Halsnøy» frå Fitjar til Os. Dette var ei stor bilferje med plass til åtte personbilar og 250 passasjerar. Ho var ganske ny, blei overlevert til HSD i mars 1957. Bilane køyrde om bord og i land bak, eller på sida, på ei svingskive inn på bildekket.

I 1959 gjekk ferja til Osøyro, for den nye ferjekaien på Halhjem blei først opna 25. juni 1963. Det var først då stasferja MF «Bjørnefjord» blei sett inn i ruta Halhjem-Våge-Bruntveit-Fitjar. Dette var ein dryg ferjetur, på to timar og eit kvarter. Reisetida blei korta monaleg ned då ferjekaien i Sandvikvåg opna, 1. juni 1964.


MF «Bjørnefjord» fotografert i dag, der ho ligg og ventar på si siste ferd. Foto: Kjetil Rydland.

Korleis det har gått med MF «Bjørnefjord» kan du lesa i denne ferske artikkelen på stordnytt.no.

Det glade reisefølgjet vårt i 1959 la turen over Kvamskogen og ned Tokagjelet før dei etter kvart stoppa i Øystese. Der budde nemleg søster til Nils Rydland, Inga Mo Bjørkelund. Ho hadde gifta seg og slege seg ned på Mo i Øystese. 

 


Det einaste biletet Nils N. Rydland er med på. Han står i kjent positur midt på biletet, til venstre for resten av reisefølgjet. Guten i midten er nevøen hans, Arne Mo Bjørkelund, og fotograf er truleg Inga Mo Bjørkelund, f. Rydland. 

Etter at dei hadde «skrova» med slekta i Øystese, drog reisefølgjet vidare til Kvanndal, tok ferja over til Kinsarvik, og derfrå var det «strake vegen» forbi Odda til Solfonn. «Høgfjellshotell» er vel å ta litt hardt i, ca. 600 meter over havet, men snøforholda i området var den gongen som no ganske gode. Her var det òg noko så eksotisk som ein stolheis. Eg hugsar at då me køyrde forbi i 1959, på veg til Austlandet, måtte me bortom og sjå på stolheisen. Det var tydelegvis ein attraksjon den gongen. 

På slike årsmøte var det vanleg å selja lodd på flotte premiar. Om det var på dette årsmøtet, eller ved eit anna liknande høve, er ikkje Elisabeth Rydland heilt sikker på. Men me synest premien var så spesiell at me tek med soga likevel. Nils Rydland kjøpte sjølvsagt lodd, og vann hovudgevinsten, eit – eitt – bildekk!

 


Reisefølgjet beundrar utsikta frå Trolljuv bru i Åkrafjorden, midt på biletet Martin Torvund. Foto: Nils N. Rydland.

 

Heim frå Solfonn gjekk ferda gjennom Åkrafjorden, og naturlegvis blei det stopp på den kjende Trolljuv bru. I 1959 hadde ikkje HSD opna ferjesambandet Utbjoa-Leirvik; det blei ikkje opna før 1. juni 1964. Så ferda gjekk via Haugesund til Valevåg, og derfrå tok dei ferja til Leirvik. Om me ikkje hugsar mykje feil, var det gamle, gode MF «Folgefonn» (bygd i 1938) som trafikkerte dette sambandet i 1959. Den gjekk inn i ruta på Leirvik 1. juni 1957, same dagen som MS «Halsnøy» starta ferjeruta frå Fitjar.

Me kan levande førestilla oss at dette må ha vore ein strålande tur. I godt selskap sat dei gode historiene laust, ikkje minst hos «Mårtein» Helland. Derfor er dette ei oppleving som Elisabeth Rydland framleis hugsar godt. Både Elisabeth og nevøen Ole Vidar Helland fortel at denne turen var eit minne som Nils N. Rydland såg tilbake på med stor glede.