John Folkvord, Karin Orre og Stein Rune Skamsar nådde ikkje opp med «Flyturen», men fekk fleire premiar med Lurarevyen. Foto: Kjetil Rydland.

Jamt godt nivå på VM i revy

Gårsdagens finale i revyfestivalen «BERRE GALSKAP» i Kultursalen blei ein skarp konkurranse mellom 17 gode og varierte revynummer frå heile Vestlandet.

Vinnaren blei litt overraskande, etter vårt syn, songen «Monster» med Jenny Nyland frå Bygstadrevyen. Overraskande fordi det blei presentert eit heilt beite av revynummer som hausta jubel i den ikkje heilt fulle Kultursalen. 17 nummer nådde gårsdagens finale, etter at 29 nummer møtte opp til kvalifisering fredag kveld. Nøytrale observatørar ymtar om at det var det fleire nummer som hadde fortent ein finaleplass. 

 


Jenny Nylund frå Bygstadrevyen blei direkte kvalifisert til Norsk Revyfestival på Høylandet neste år, her saman med jurymedlem Erik Wist. Foto: Kjetil Rydland.

 

Publikumsprisen gjekk til den trivelege jærbuen Torulv Time frå Lyerevyen, med nummeret «Personlig trener». Dei andre premiane blei først utropte på Fitjar Fjordhotell på ei tilstelling etter finalerunden i Kultursalen. Juryen hadde denne gongen fått fridom til å dela ut ei rekkje mindre, men like fullt populære, prisar. Blant desse var prisen for beste tekst, som gjekk til Bygstadrevyen, med «Monster», sungen av Jenny Nylund. Ein tekst som handla om tvil og tru, om kvifor enkelte endar opp som framandkrigarar. 

Det same nummeret blei òg – til stor jubel i den fullsette restauranten på hotellet – ønskt velkome til neste års NM i revy på Høylandet. Jenny Nyland song den krevjande melodien «Hello», og nådde ikkje heilt dei same høgdene som Adele i den verdskjende hitlåten. Men framføringa var stødig, og tolkinga av den tankevekkjande teksten truverdig. Me stiller oss difor bak juryen og dei andre gratulantane, og ønskjer god tur til Høylandet neste år. 

 


Publikumsprisen gjekk heit velfortent til Torulv Time frå Jæren, med nummeret «Personlig trener». Foto: Kjetil Rydland. 

 

Fitjar Teaterlag stilte i finalen med nummera «Kommunesamanslåing» og «Bala du me». Som vanleg gjorde dei ein god innsats, etter vårt syn godt i overkant av det dei tilreisande kunne levera. Men dei lokale heltane våre nådde ikkje opp då juryen las opp dei ulike premievinnarane.

Utanfor konkurranse stod Ole André Westerheim for ein av dei beste prestasjonane då han avslutta seansen i Kultursalen med ein smakebit av sin «Tribute to Queen».

Ole Bergesen fekk mykje heiderleg omtale og ei spesiell helsing frå juryen. Han blei tildelt ein eigen «lademynt» eller «eldsjelmynt» som teikn på at han blei krona til eldsjel «fordi du gjør en forskjell, gjør verden til et bedre sted», som juryen uttrykte det.

 


Primus motor for teaterfestivalen, Ole Bergesen, kan pusta letta ut etter arrangementet, her saman med leiar i juryen, Hanne Sagmo frå Høylandet. Foto: Kjetil Rydland. 

 

BERRE GALSKAP 2016

  • VM i revy – den største revyfestivalen på Vestlandet
  • Deltakarar frå Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane
  • Regional revyfestival blir arrangert på Fitjar annakvart år
  • Arrangør er Fitjar Teaterlag saman med Fitjar Fjordhotell
  • Direkte kvalifisering til Norsk Revyfestival på Høylandet
  • Jury: Helge Haaland, Erik Wist og Hanne Sagmo (leiar)