Håkon Øien Kloster og Ronny Korneliussen lagar «parably» av stråla frå brannslangen. Foto: Kjetil Rydland.

Open dag på brannstasjonen

Som vanleg blei det suksess då Fitjar brannvesen i går inviterte til «open dag» på brannstasjonen i Årskog.

Håkon Øien Kloster har vore mykje på brannstasjonen, seier han, trass i at han berre er seks og eit halvt år. Me skal ikkje sjå vekk frå at han blir brannmann når han blir litt større. Pappa er brannmann, kan han fortelja. Han viste godt handelag med brannslangen, sjølv om han rett nok fekk god hjelp av brannmann Ronny Korneliussen.

Dei sløkte ein liten brann som var laga til for føremålet utanfor brannstasjopnen. Og dei imponerte litt ekstra då dei laga ein «paraply» av stråla. Ein slik skjerm av vatn er noko som brannmenn lagar for å verna seg mot brannen, slik at dei kan gå heilt innpå brannkjelda. 

Denne gongen var førsteklassingen Håkon Øien Kloster i selskap med mange små og store eldsjeler som tok turen til brannstasjonen. I går blei det arrangert «open dag» på brannstasjonar over heile landet i høve den nasjonale brannvernveka, som du kan lesa meir om her: http://www.brannvernuka.no.  


I brannbilen, frå høgre brannmann Bård Inge Sørfonn, Andreas Sørfonn, Adrian Isdahl Jacobsen og Knut Inge Isdahl Jacobsen. Foto: Kjetil Rydland.

 

Eldsjelene i Fitjar brannvesen stilte trufast opp for å møte publikum i går føremiddag, slik dei alltid gjer. Men i går var det så vidt dei nådde arrangementet, då dei nett var ferdige med å sløkkja brann på Vestbøstad. Nok ei påminning om kor viktig jobben deira er. Litt bleike om nebbet etter den tøffe jobben, og av manglande søvn, stilte del likevel opp og møtte store og små skodelystne med eit smil.

Som vanleg var det stor stas for dei minste å få sitja i brannbilen, sjå blålyset og høyra sirena. Det blei delt ut informasjonsmateriell og gratis kaffi, vaflar og pølser. Og alle som kjende seg førte til det, fekk prøva brannslangen, med litt hjelp av den stødige handa til brannmann Ronny Korneliussen. 

Å rekruttera nye brannmannskap er alltid viktig, og skal me dømma etter interessa blant dei unge i går, bør me liggja bra an i Fitjar. 

 


Håvard Oma Sele med reklamebag frå forsikringsselskapet If i høve brannvernveka. Foto: Kjetil Rydland.