Stolte jenter og gutar med pokal for andreplassen. Foto: Mette Haldorsen. 

Flott Øvrebygda-innsats i Hafo på Stord

Laurdag kveld fekk me ei gledeleg melding frå Øvrebygda om sterk innsats i Hafo cup på Stord.

Øvrebygda skule stilte laurdag med blanda lag i 5. klasse. Laget besto av Tomine H. Helland (keeper), Andrine Korsvik, Sebastian Korsvik, Elise de Fine Olsen og Elisabet Rydland Sæbø. Dei hadde i tillegg fått låna Marius Kongestøl Vik frå Fitjar (tidlegare klassekamerat) og Andreas Auestad frå Sælevik. Lagleiarar var Karen Elisabet Sæbø Rydland og Mette Haldorsen. Det var fleire stolte foreldre på tribunen som heia på gjengen sin og.

Dei stilte i guteklassen pga at dei var eit blanda lag. Første kampen enda 1-1, og andre kampen vann dei 3-2. Dermed vann dei puljen sin og gjekk direkte til semifinalen, som dei vann dei 3-1. Etter ein kjempejamn kamp lenge enda finalen med tap 2-4. 

Lagleiarane rapporterer om ein fantastisk kjekk og flink gjeng som spelte saman i går kveld, og gleda var stor. Det var store følelsar i sving. Då det blei kjent at dei var vidare til finalen, var det fleire som berre MÅTTE ringja heim og fortelja at dei var komne til finalen.

Ein av spelarane hadde følgjande kommentar: – Ditta e´ kje te å tru … Da e´ faktisk heilt magisk!

– Sjølv om dei naturlegvis hadde lyst å bli nummer 1, var dei kjempefornøgde med resultatet, seier Mette Haldorsen til Fitjarposten. Og dei tok stolt imot pokalen, som skal få stå i klasserommet på skulen.

Det blei ein lang dag på fleire av spelarane, for jentene på laget hadde i forkant av Hafo vore med J10-laget til Fitjar til Husnes og vunne to kampar.

7.-klassen frå Øvrabygda skule var i elden fredag kveld og gikk heilt til semifinalen, som dei tapte. Dei òg får mykje ros for veldig godt spel. Diverre har me ikkje lukkast i å få tak i bilete frå kampane deira. 

 


Sigersrop etter at dei har vunne semifinalen. Foto: Mette Haldorsen.

 

 
Glade handballspelarar frå Fitjar jublar over andreplassen sin. Foto: Mette Haldorsen.