Øyvind Fykse Lie tar straffespark for Fitjar. Arkivfoto FP / Kjetil Rydland.

Bortebom for A-laget

I laurdagens serieoppgjer mot svakt plasserte Laksevåg måtte Fitjar-gutane gå poenglause av banen, etter å ha dominert store delar av kampen.

Kjelder tett på laget fortel at det var ein kamp Fitjar burde og skulle ha vunne. Dei gjekk ut i fin stil og viste mykje av det gode spelet som me har sett dei siste kampane. Det var såleis som det skulle vera då dei tok leiinga etter eit kvarters spel. Øyvind Fykse Lie blei felt innanfor 16-meteren, og fekk korrekt straffe. Han tok sjølv straffesparket, keeper redda, men Øyvind sette inn returen.

Trass i at Fitjar dominerte banespelet, måtte dei sjå Laksevåg utlikna få minutt seinare. Målet kom etter corner. Fitjar heldt fram med å dominera kampen, og hadde ballen ca. 70 %, men dei spelte seg ikkje til så mange sjansar. Faktisk hadde Laksevåg like mange sjansar, fortel rapportane. 

Etter den gode førsteomgangen var det svært uventa at ikkje Fitjar skulle dra sigeren i land. Men fotball handlar som kjent om målsjansar og mål. Laksevåg var farlege på dødballar, særleg cornerar. Heilt på slutten avgjorde Laksevåg kampen med eit bra skot.

Etter dagens tap har Fitjar sleppt dei andre laga i midtsjiktet nærmare innpå seg på tabellen i 5. divisjon. Dei held framleis fjerdeplassen, men det er sju lag som kjempar om dei sikre plassane i puljen. Med siger i dag kunne Fitjar ha hekta dei andre laga av, men no blir det spaning ei stund til.

Blant laga som kjem halsande rett bak, er Halsnøy, som vann kampen sin i dag. Neste laurdag kjem dei til Fitjar og klassisk prestisjeoppgjer på graset i Fitjar Idrettspark. 

  

KAMPFAKTA

Laksevåg – Fitjar 2–1 (1–1)

Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Nygårdsmyren idrettsplass
laurdag 24. september kl. 15.00
Dommar: Kristoffer Harald Sontum, Kjøkkelvik IL

Mål: 1-0 Øyvind Fykse Lie (15.), 1-1 (20.), 2-1 (84)

Fitjar sitt lag: Ruben Træet, Sander Tverborgvik (Jonas Tislevoll 78.), Nils Ingard Tislevoll, Torbjørn Korsvik, André Helland, Leif André Tangen, Helge M. Træet (k), Øyvind Fykse Lie, Kjell André Thorland, Jan Åge Tislevoll og Thomas Vestbøstad Waage (Lars Fitjar Waage 85.).