Nokre av kvinnene då me fotograferte dei for fem år sidan. Foto:L FP-arkiv/HCH

NLM og Skumsnes kvinneforening 125 år

NLM og Skumsnes Kvinneforening markerer jubileet med misjonsfest i morgon ettermiddag.

Talar på festen vert Arvid Lodden, og det vert song av Lovsongsbrødrene.

For fem år sidan, då dei markerte 120 -årsjubileet, refererte Fitjarposten følgjande om starten:

Tre jenter på 16-17 år vart i 1891 gripne av «Kinamisjonen» (no NLM) sitt arbeid, og starta foreining i Skumsnes på Fitjar. Sist torsdag feira foreininga 120-års-jubileum.

– Dei tre jentene var Gjørid, Brita N. og Brita O., alle med Skumsnes som etternamn. I bladet «Hilsen fra Broderkretsen» hadde dei lese brev frå dei første misjonærane som reiste til Kina, og blitt gripne av tanken på dei døyande millionane i Kina. Dei ønskte då å gjera noko, sjølv om ingen av dei sjølve hadde fått klårleik i si kristne tru, skriv Sigfrid Skumsnes, i eit tilbakeblikk i høve jubileet.

Ho skriv vidare: – Dei fekk kvar sin ulldott, kom saman i stova til Ola Skumsnes og tok til å karda og spinna. Dei skjemdest mest over arbeidet sitt, men kunne ikkje la vera heller. Seinare blei Anna O. og Guro med dei. Ola Skumsnes heldt andakt. Han las alltid ei bøn av «Berta Kanutta».

Vekkjing
Rundt 1900 braut det ut vekkjing i Osternesgrenda, og Kinamisjonslaget fell stor vekst. Både unge og eldre frå heile grenda var med. Det var vel på ei vis to foreiningar. Men så nådde bølgjene ar «ordinasjonsstriden» til grenda, og då var det mange som slutta. «Kinamisjonen var ikkje kyrkjeleg. Kristeleg var den visst ikkje heller», heitte det.

Men kvinnene på Skumsnes, og nokre til, dreiv foreininga vidare.

– Dei første åra karda og spann dei og vov ullteppe som dei selde i Bergen. Dei strikka òg sokkar og ulltrøye. Ei undertrøye fekk dei  4-5 kr for. Første basaren var truleg i 1911, då selde dei nokre sokkepar på «jenteforeininga» sin basar.

Dei gjekk fint, så seinare laga dei til basar sjølv. Den første var i 1912 eller 1913. Seinare hadde dei fest og basar kvar bededag fram til 2. Verdskrigen. Basarane var oftast på Skumsnes, fortel  Sigfrid vidare.

I den første tida visste dei mest ikkje kvar dei skulle gjera av pengane, men så fekk dei namn på nokon i Bergen som tok imot pengar for Kinamisjonen.