Sylfest Lomheim til Kultursalen

Torsdag 29. september inviterast det til nye temakveld i Fitjar! Denne gongen til Kultursalen i FKIB der Sylfest Lomheim skal snakke om «Kyrkjespråk, kvardag eller høgtid?»

– Dette er eit tema me trur vil engasjera mange, anten dei ønskjer eit gamaldags og høgtidsstemt språk i kyrkjerommet – eller om dei meiner at kvardagsspråket høver best i alle samanhengar.


Lomheim er truleg kjend for mange, både som tidlegare direktør i Norsk Språkråd og som programleiar og medarbeidar i radioprogrammet Språkteigen. Han er professor ved Universitetet i Agder i norsk og omsetjing, eit vidt og spennande fagfelt.

– Alle som har høyrt Lomheim i ein eller annan samanheng, veit at han er både kunnskapsrik, morosam og slagferdig. Han har fått mange radiolyttarar interesserte i språklege detaljar, og vart i 2014 tildelt Bibelprisen for sitt arbeid med å formidla Bibelen som ei språkleg Sareptas krukke. Vidare har han vore medforfattar av boka «Når dere ber», om liturgisk språk og utforming av bøner til gudstenesta.

Lomheim femner altså vidt! heiter det i ei pressemelding frå temagruppa.