Fitjar formannskap skisserte onsdag opp kva de ønskjer å regulere i Håkonar Næringspark, i tillegg til det som allereie er regulert. Illustrasjonsfoto: Håkon C. Hartvedt

Regulering i Næringsparken

Formannskapet gjekk onsdag inn for reguleringar i Håkonar Næringspark. 

Kommunen har tidlegare vedteke at ein skal omregulere næringsparken i Årskog opp til dagens nivå. Dei ein ikkje har teke stilling til er kor stort område dette skal omfatte. Vidare har det i ymse saker vore spørsmål i kor stor grad kommunen ønskjer å fylle ut sine eigne sjøområde.

Under onsdagens formannskapsmøte gjekk ein inn for å regulere eit område som består av det som no er regulert som ein del av næringsparken, med tillegg av FMV sitt område i nord, kommunen sine eigne område i sør, eit område som er kjøpt av Oddvar Bergesen – og heile området i sjø innanfor kommuneplanen.

Ein vedtok og å setje av 500 000 kroner ekstra til grunnundersøking av sjøområda m.m. Til saman vil kommunen då bruka rundt 1 million kroner på regulering og tilrettelegging av området.

Representantane var elles meir positive til området no enn tidlegare.

– Eg er meir optimistisk til Håkonar Næringspark no enn berre for eit år sidan, sa Agnar Aarskog, mellom anna.