Gjengen frå Sotra Teaterlag som me møtte på utanfor Sportellet. Framme f.v. Trine Dahl Sundsbø og Anders Samdal. Bak Charlene Jensen, Grethe Gundersen og Ingunn Stenehjem. Foto: Håkon C. Hartvedt

Klare for revyfestival

Denne gjengen fra Sotra Teaterlag var allereie klare for revyfestivalen då me møtte dei i går, vel installert på Fitjar Sportell.

Dei fortel til fitjarposten.no at dei har delteke fleire gonger før, og at dei òg har henta heim prisar:  Beste revysong i 2010 og beste monolog i 2012. Vidare har dei fått Fjell kommune sin kulturpris to gonger og «Rampeløkten» og Bergen Teaterlag sin prestisjetunge pris for sine amatørteaterprestasjonar.

Og skal me tru på motivasjonen og pågangsmotet, vil me ikkje bli særleg overraska om dei slår til med pris på årets festival og. Dei stiller i alle fall sterkt, men tre grupper og fem nummer!

Revyfestivalen, som og er Vestlandsmeisterskap i revy, finn stad i Kultursalen i FKIB og startar i kveld med kvalifisering, før det vert finale i morgon kveld.