Varaordførar Agnar Aarskog og ordførar Wenche Tislevoll kan få vigselsmynde frå januar 2018. Foto: Håkon C. Hartvedt

Kan få vigselsmynde

Kommunal og moderneseringsdepartementet har sendt ut eit skriv til høyring om nye oppgåver til kommunane. Ei av oppgåvene som er nemnt i høyringsdokumentet er gje ordførar og varaordførar – eller personar som kommunen peikar ut, vigselsmynde.

Altså ei oppgåve av seremoniell karakter der desse personane får juridisk mynde står for vigselen når folk vil gifta seg. Saka var oppe i formannskapet i går. Wenche Tislevoll (H) og Sigurd Andre Maraas (Frp) røysta for at kommunestyret kunne peika ut personar som kan gjere dette, men fleritalet gjekk inn for at ordførar eller varaordførar bør ta seg av dette, for at det skal vere ei viss høgtid rundt det heile.

– Vi lever i ei tid der det er kome innvandrarar og at det også er andre grupperingar som det ikkje vil vere naturleg for å gifta seg i kyrkja, så det er bra om me kan få til dette her i bygda, slik at folk ikkje treng å reise til Stord for å gifta seg, kommenterte Maraas.

At ordførar Wenche Tislevoll gjekk inn for at personane kunne peikast ut av kommunestyret tyder ikkje at ho vegrar seg for ei slik oppgåve.

– Nei, blir det slik skal me klare å lage ei like høgtidssam ramme rundt det heile i kommunestyresalen på Fitjar som dei har hos sorenskrivaren på Stord, smiler ho. Det er og Agnar Aarskog samd i.

Så får det syne seg om dette blir noko av eller ikkje.