Det er i desse lokala i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg at Fitjar vgs leiger to klasserom. Foto: Håkon C. Hartvedt

Usikkert om påbyggingsklassane

I dag var det fylkesutvalet i Hordaland kommune som hadde Skulebruksplanen for 2017-2030 oppe til handsaming. Dei vil berga Fitjar vgs, men vil sjå nærare på om påbyggingsklassane bør flyttast til Stord.

Det var eit framlegg frå A, Sp, KrF og SV som fekk fleirtal. Dei vil leggja ned færre skular enn det først var lagt opp til. Med omsyn til Fitjar vgs følgde dei ikkje heilt utvalet for Opplæring og helse i det dei plussa på vedtaket at ein vil sjå nærare på om påbyggingsklassen bør flyttast til Stord.

– Samstundes vert det snakka mykje positivt om Fitjar vgs i desse samanhengane, seier ordførar Wenche Tislevoll som var til stades på utvalsmøtet i dag saman med Grete Marit Veka Maraas. – Så det er berre å kryssa fingrane fram til endeleg avgjersle vert teke i Fylkestinget som har møte 4.-5. oktober, seier ho.

Styreformann i Fitjar Kultur- og Idrettsbygg, Agnar Aarskog seier til fitjarposten.no at om dei to klassane vert flytta vil det føre til eit inntektstap på rundt 70 000 kroner i året. Det betyr ikkje noko vere eller ikkje-vere for Kulturshuset, men me må då sjå oss om etter andre leigetakarar.

Men eg vonar inderleg at Fitjar vgs får behalde desse to klassane, legg han til.