«Viking Lady» (nærmast) og «Viking Athene» i opplag i Årskog. Foto: Håkon C. Hartvedt

Eidesvikbåtar i opplag i Årskog

Eidesvik sine supplybåtar «Viling Lady» og «Viking Athene» ligg no i opplag ved djupvasskaien i Årskog. Det er bra både for Fitjar kommune og Sunnhordland Sandblåsing.

Dagleg leiar i Sunnhordland Sandblåsing Kjetil Huseth fortel at ein for tida har avtale månad for månad og at det kanskje kan kome ein Eidesvikbåt til som finn sin plass på djupvasskaien i Fitjar.

– Straumkapasiteten på plassen er litt liten, så me jobbar med å få auka den, legg Huseth til.

Stadig sandblåsing
Elles er det stadig drift i sandblåsingshallen, ikkje minst er det industridelar dei tek seg av, får me også vite.