Frå ein tidlegare open dag. Arkivfoto:FP/HCH

Open dag på brannstasjonen

Førskomande laurdag vert det open dag på Fitjar brannstasjon i Årskog frå kl 11.00-14.00. Folk frå Fitjar kraftlag vert òg med.

350 brannstasjonar over heile landet opnar portane for små og store laurdag 24. september. I vårt distrikt kan du besøke Fitjar brannstasjon melleom  Nye tal viser at hausttradisjonen «open dag» framleis er viktig for å redusere omfanget av alvorlege bustadbrannar:

 • 9 av 10 har ikkje avtalt møtestad i tilfelle brann.

• 1 av 3 kan ikkje naudnummeret til brannvesenet.

• 1 av 4 er usikre på om sløkkjeapparatet fungerer.

 Desse tala kjem fram i ei ny undersøking TNS Gallup har utført for If Skadeforsikring, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) og Norsk brannvernforening i høve årets brannvernveke. 

 – Byrjar det å brenne, er du og familien veldig overlatne til dykk sjølve i dei første livsviktige sekunda og minutta. Då er det ikkje tid til å gruble over kvar det er trygt å rømme, google etter kven de skal ringe til, eller pakke ut brannsløkkjeapparatet av emballasjen. Det er berre gjennom å ha brannøving heime de kan trene på dette, seier konserndirektør Morten Thorsrud i If, ein av medarrangørane til open dag på brannstasjonane.

 I vårt distrikt er det altså Fitjar brannvesen som står for gjennomføringa av arrangementet.

 – «Open dag» har blitt ein fantastisk fin tradisjon i september kvart år. I fjor var det rundt 250 000 besøkande på landsbasis. Arrangementet samlar vaksne og barn til morosam læring med ein alvorleg undertone, idet vi går inn i ei årstid der talet på bustadbrannar vanlegvis aukar i takt med at vi trekkjer innandørs, skrur på varme, fyrer i omnen og tenner lys, seier brannsjef Tore Nesbø.