Påbyggklassen bør ikkje flyttast

Samarbeidsrådet for Sunnhordland drøfta i sitt møte 16.9 fleirtalskoalisjonen i fylkesutvalet sin avtale/framlegg til skulebruksplan. Å flytte påbyggklassen er slett ikkje bra, meiner dei. Les nedanfor kva dei seier om den saka.

«Samarbeidsrådet kan sjå at det er fleire positive signal i innstillinga, og er nøgde med at Fitjar vidaregåande skule ikkje vert lagt ned.

For Fitjar vgs. er det i avtalen eit tilleggspunkt, der ein skal vurdera å flytta påbygg-klassane til Stord. Ein reduksjon på ca. 60 elevar, frå 250 til ca. 190 elevar. Dette gjer oss svært uroa. For at skulen skal ha ei god utvikling, vera robust, ha gode og sterke fagmiljø, treng ein dei utdanningsløpa ein har i dag. 

Ved å flytta påbygg til Stord vil ein utarma og svekka skulen betydeleg. Dette vil svekka fagmiljøa og rekrutteringa til skulen i viktige fag. Me fryktar elevtalet på Fitjar vgs då vil verta så redusert at dette vil kunne vera første steg på avvikling av skulen. Den økonomiske innsparinga vil vera svært avgrensa, leigekostnadane for to klasserom på FKIB er i underkant av kr. 100.000,-.»