Rimbareid skule. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nytt norskkurs

Det vert no skipa til nytt norskkurs for arbeidsinnvandrarar og andre interesserte, om det er interesse for det.

Det er Fitjar kommune som skriv dette på nettsida si. Der heiter det, mellom anna:

– Dersom det er interesse for det startar me opp med eit nytt norskopplæringskurs i oktober. Kurset vil gå føre seg på Rimbareid skule. Me tek sikte på å gjennomføra ein 30 timars modul  (30 * 45 minuttar). Prisen vert  kr 1.700,- for heile modulen. (Fråvær fører ikkje til reduksjon i prisen).

Nye deltakarar må pårekna ei utgift til lærebøker og nettlisens på om lag kr 850,-. Deltakarane må ha med seg skrivesaker og kladdebok. Me vil leggja opplæringa på fleire nivå (dersom det er nok deltakarar) slik at den passar både for nye deltakarar og for dei som har vore med frå før.

Opplæringa vert gitt på nynorsk og vil skje på måndagar og onsdagar utover hausten.

Les meir her.