Følgjande er med på biletet: (jentenavn på damene): 1. rekkje framme f.v.: Bjørg Helene Vik, Alvhild Brakedal, Gunn Kristi Kleppe, Audny Havn og  Emma Tislevoll. 2. rekkje: Sylvi Helland, Jorunn Agate Raunholm, Kjellfrid Tufteland og Ågot Randi Tuvin. 
3. rekkje: Ingrid Karin Tufteland, Marit Irene Raunholm, Solveig Hovstad, Magnhild Tufteland og Laila Olsen. 
4. rekkje: Kjell Halsteinsen, Elin Helland, Sigmund Sætre, Anbjørg Tufteland, Hildegunn Asta Jensen og Gerd Lillian Volden.
5. rekkje: Leif Kåre Helland, Geirmund Engevik, Erling Stubhaug, Arne Sveinung Skumsnes, Arvid Hatlevik, Leif Egil Helland, Kåre Birger Bergesen og Terje Vidar Vestvik. 6. rekkje: : Olav Siglen, Heine Jostein Jensen, John Bendik Bukkøy, John-Egel Hatlevik, Alf Martin Waage, Inge Tufteland og Steinar Johan Aarskog. Foto: PER EGIL LARSEN

– Som om det hende i førre veke


Det skriv Terje Vidar Vestvik, ein av 50-årskonfirmantane på søndag, om drøsen då dei var samla på Fitjar Fjordhotell i samband med jubileet i helga.

Vestvik skriv vidare: – 17. og 18. september var 36 konfirmantar frå kullet som vart konfirmert 18. september 1966, samla til 50 års jubileum. I alt var det 51 konfirmantar det året. Seks av dei er dessverre avlidne.

Me samlast på Fitjar Fjordhotell laurdagskvelden til eit godt måltid mat, og drøsen gjekk om «gamle dagar» til lang ut i natta. De viste seg snart at dette var eit populært tiltak. Mange hadde ikkje sett kvarandre på 20-30 år, og hadde soleis mykje å snakka om. Det vart mimra om skule- og konfirmanttida, og etter ei stund verka det som at dette hendte i førre veka.

Siste kullet før ungdomsskulen kom til Fitjar
Dette var det siste kullet før ungdomsskulen kom til Fitjar, og på samlinga var det elevar frå mest alle krinsane: Brandasund, Hatlevik, Ivarsøy, Sælevik, Øvrabygdo, Hageberg, Osternes og Rimbareid.

Søndag var konfirmantane samla til gudsteneste på Fitjar Bedehus, i og med at kyrkja er stengd på grunn av omarbeiding og installasjon av nytt orgel.

– Det var ei fin oppleving, der jubilantane kom inn i prosesjon og vart presentert for kyrkjelyden. Det var og ei markering for dei avlidne. Deretter var det bildetaking framfor kyrkja og middag på Fitjar Fjordhotell, der og kyrkjelydsprest Fridleif Lydersen var med.

Og som det heitte i stilane før i tida:  – Alle var einige om at det hadde vore ei gild stund, og at det ikkje måtte gå nye 25 år før me treffest igjen. Ein  takk til alle som gjorde dette til ei koseleg helg, skriv Vestvik, til slutt.