Den gode Rosendal-keeperen Frank Mehl og lagkameratane hans var sjanselause mot Fitjar og Øyvind Fykse Lie, som her fastset sluttresultatet til 6-0. Foto: Kjetil Rydland.

Fitjar-gutane banka botnlaget 6-0

A-laget til Fitjar hadde ingen problem med å slå botnlaget Rosendal i Fitjar Idrettspark i dag, og sigeren kunne lett blitt mykje større enn 6-0.

 

Botnlaget Rosendal svarte til forventningane då dei kom til Fitjar til seriekamp laurdag ettermiddag. Spelar for spelar, lagmessig og på alle andre måtar var dei ein divisjon svakare enn Fitjar, som på nytt leverte ein bra kamp. Spelemessig var det kanskje eit lite hakk under bortekampen mot Nore Neset for ei veke sidan, men det heldt i massevis mot sjanselause rosendølar. Bortelaget kom til Fitjar med 12 spelarar, og knapt nokon av dei heldt mål mot Kjell Træet sine utvalde Fitjar-gutar.

 


Runar Søreide Skogedal og Torbjørn Korsvik gjer seg klare til sigersbrølet. Foto: Kjetil Rydland.

 

Allereie etter knapt eit kvarters spel låg ballen bak den gode Rosendal-keeperen Frank Mehl. Det var ikkje tilfeldig at det var Kjell André Thorland som fekk gleda av å opna scoringane. Som vanleg var han yttarst kvass frå første spark på ballen, og gjorde livet vanskeleg for gjestene heile kampen gjennom. Men på den 1-0-scoringa fekk han hjelp av eit Rosendal-bein, som sende det gode skotet hans i feil side for keeper. Få minutt seinare la Kjell André på til 2-0, og denne gongen trong han ikkje hjelp av Rosendal-bein. Han runda det meste av forsvarsspelarar før han sette ballen kontrollert i mål frå kort hald.

 


Sander Tverborgvik spelte ein flott kamp mot Rosendal, både defensivt og offensivt. Foto: Kjetil Rydland.

 

Det kunne lett ha blitt endå fleire mål på lettbeinte Kjell André, men det var dagens skarpskodde Fitjar-spiss, Jan Åge Tislevoll, som scora dei to neste måla. Dermed stod det 4-0 til Fitjar ved pause. Svake gjester hadde knapt ein einaste sjanse, bortsett frå ein situasjon då Torbjørn Korsvik måtte redda på streken. Men målsjansen kom ved at Torbjørn sjølv hadde klønt det til i kollisjon med eigen keeper.

 


André Helland spelte ein ny bra kamp på backen, sjølv om han hamnar på baken her. Foto: Kjetil Rydland.

 

Trass i ei klar leiing etter første omgang, heldt Fitjar-spelarane oppe eit bra trykk i andre omgang. Og nøkternt sett burde dei vel ha klart å scora meir enn to mål til før kampen var slutt. 5-0 kom etter vel eit kvarters spel, ved Jan Åge Tislevoll, som dermed kunne notera seg for eit ekte hat-trick! Og det siste målet kom ved Øyvind Fykse Lie, som la ballen i ein fin boge over Rosendal-keeperen frå knapt 16 meter. 

Fitjar heldt stilen bra mot svake motstandarar, sjølv om det gjerne kunne blitt tosifra. Men det blir ofte slik mot svake motstandarar, det ser ut til å vera ei «naturlov» i ballidrettar at ein slepper seg litt nedpå etter kvart som leiinga blir stor. Me hadde gjerne sett scoringar av dei to 16-åringane som spelte frå start i dag. Jonas Aleksandersen fekk sjansen på frispark frå vel 16 meter, etter høge rop frå tribunen. Som vanleg skaut han godt og velplassert mot vinkelen, men diverre gjekk ballen i tverrliggjaren og ut. Me hadde òg unnt Markus H. Tislevoll eit mål, etter fleire fine tilbod i dag. Spesielt då han kom på to-tre meters hald såg me ballen i mål, men Rosendal-keeperen greidde på ubegripeleg vis å redda. 

 


Ein blid Markus Gerhardsen debuterte for A-laget til Fitjar i dag. Foto: Kjetil Rydland.

 

I tillegg til dei tre målscorarane markerte venstreback Sander Tverborgvik seg svært positivt i dag. Noko trenar Kjell Træet òg la merke til. Elles heldt heile laget bra nivå mot svake motstandarar. At dei to sekstenåringane Markus Tislevoll og Jonas Aleksandersen greidde seg så bra, er sjølvsagt oppløftande med tanke på framtida. Det er òg debuten til dagens yngstemann, 15-årige Markus Gerhardsen. Fitjar er i ferd med å få oppe eit heilt kobbel med ungdommar som held bra A-lagsnivå.

 


I kjent stil knuser Jonas Aleksandersen ballen i tverrliggjaren. Foto: Kjetil Rydland.

 

Med dagens trepoengar held Fitjar følgje med dei andre gode laga i 5. divisjon. I kveld er laget heilt oppe på tredjeplassen, med sine 31 poeng. Dermed ser plassen i divisjonen ut til å vera trygg. Men avstanden opp til suverene Bremnes er heile 13 poeng. Neste heimekamp kjem om to veker, laurdag 1. oktober, mot Halsnøy. Komande helg er det bortekamp i Bergen, mot Laksevåg. 

  

KAMPFAKTA

Fitjar – Rosendal 6–0 (40)

Seriekamp 5. divisjon avd. 03 Hordaland
Fitjar Idrettspark
laurdag 17. september kl. 15.00
Publikum: 66
Dommar: Roar Wold, Søfteland TIL

Mål: 1-0 Kjell André Thorland (13.), 2-0 Kjell André Thorland (20.), 3-0 Jan Åge Tislevoll (28.), 4-0 Jan Åge Tislevoll (40.), 5-0 Jan Åge Tislevoll (63.), 6-0 Øyvind Fykse Lie (85.) 

Gult kort: Johan Storesund Aaserød, Rosendal

Fitjar sitt lag: Oddgeir Træet (Jacob Mehammer 72.), André Helland (Leif André Tangen 72.), Nils Ingard Tislevoll (Markus Gerhardsen 72.), Torbjørn Korsvik, Sander Tverborgvik (Sigve Hjelmen 85.), Helge M. Træet (k), Øyvind Fykse Lie, Jonas Aleksandersen (Mats Westvik 72.), Kjell André Thorland, Markus Helland Tislevoll, Jan Åge Tislevoll (Frode Malkenes 82.).