Rundt 50 på utstillingsopning

Liv Sonja Flolid og Karvel Strømme under opninga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Godt med folk, godt stemning og ei fin ramme rundt det heile, prega opninga av Liv Sonja Flolid si utstilling i Galleri Losjen i ettermiddag.

Kunstaren som no bur i Ulefoss, men er oppvaksen i Aslaksvikjo på Stord, fekk gode tilbakemeldingar på kunstverka sine. Ein variert produksjon med hovudsakeleg bilete i pastell, med og med bilete som var måla i akryl, som linosnitt eller etsa, såg ut til å finne vegen til publikum si interesse.

Motiva av naust, hus, måkar og liknande er noko folk kjenner seg att i, og det vil undra oss om ikkje store delar av denne utstillinga, som varer fram til 2. oktober, vert selt.

Karvel Strømme leia det heile på ein god måte og stod og for opninga saman med kunstnaren sjølv, godt assistert av unge Lorentza som delte ut blomar.

Musikk og dikt

Eli Simonsen. Foto: Håkon C. Hartvedt

Det er etter kvart blitt ein tradisjon at utstillinga i Galleri Losjen vert ramma inn med musikk og lyrikk. Trufaste Eli Simonsen var på plass denne gongen óg, og las dikt om både born og vaksne, slik berre ho kan det.

Tor Håkon Aarbø. Foto: Håkon C. Hartvedt

Musikken stod unge Tor Håkon Aarbø for. Han starta med «Maple leaf rag» og vakre «I dreamed a dream» frå «Les Miserables», før han avslutta med krevjande Opus 40 «Til våren» frå Grieg sine «Lyriske Stykker».  Svært bra levert.

Bra med folk på utstillinga. Foto: Håkon C. Hartvedt

Nokre av bileta. Foto: Håkon C. Hartvedt