Ein haustleg bonus-sommardag

Jannike med vesle Albert og Julia koste seg i Breiavikjo i dag. Foto: Håkon C. Hartvedt

– Ja, dette er ei forlenging av sommaren, ein bonus sommardag om du vil. Det seier Jannike Helland Vik til fitjarposten.no.

Fitjarposten møtte ho i det grøne i Breiavikjo saman med Julia (2) og Albert (1). Dei to små hadde bada, men koste seg no på teppet saman med mor si. 

Men dei hadde gjort mykje før det. Ikkje berre hadde dei bada. Dei hadde òg funne godt med ville bjørnebær og leikt seg i sandkassa ved sandvolleyballbanen.

Litt vind var det når me var utom, men det nauga ikkje Jannike og dei små.

– Nei, vindcen er berre deilig i denne varmen. Han minner litt om då me var i Danmark. Då var det akkurat sånn, smiler ho til slutt.

Andre enn desse tre såg me ikkje då me gjesta den flotte badestranda vår.

Men dagen er enno ikkje over, så har du lyst på eit forfriskande kveldsbad, ligg alt til rette for det…