Flotte forhold førte til nye «persar»

Over 1000 p. : Johannes  Sandvik Bø persa seg i høgde med 1,27. Det gjev 1014 poeng i Tyrvingtabellen. Foto: Privat

Fitjarfriidrettarane nyttar dei fine dagane i september til å pynte på dei personlege rekordane sine. I går var det seriestemne på Bremnes under optimale forhold.

Johannes Sandvik Bø (10) forbetra persen sin i høgde med ein cm til 1,27 og fekk ein klar førsteplass.

Same plassering på sprintkomet Natalie Tislevoll (13) som sprinta inn til pers med 8,6 på 60 m. Her kom Clara Wohlrab på ein fin andreplass med 9,3. Clara hoppa elles 1,30 i høgde, og hadde hårfine riv på pershøgde 1,35.

Natalie Tislevoll (t.v.) fortset framgangen. Foto: FP-arkiv/HCH

Anna Sandvik Bø (12) sette ein flott pers på 60 m med 8,8 og hoppa 1,30 i høgde, også ho med hårfine riv på 1,35.

Marius Torbjørnsen (13)  oppnådde 9,0 på 60 m, om lag likt med persen, og hoppa fine 1,35 i høgde, som er 7 cm bak pers.

Tone Brakedal (17) (som no representerer Stord) suste inn til 8,0 på 60 m.

Trenar Bård Inge Bø hoppa 1,76 m i høgde i veteranklassen. – Kjempesterkt av ein 39-åring! spør du oss.

 

Peyton Manning steroids