«Morgonkonsert» på Fitjar rådhus 

Foto: Bente Bjelland

Ordføraren har fått seg ei orgelpipe frå det gamle kyrkjeorgelet som no skal byttast ut med flunkande nytt orgel, og heldt nyleg ein aldri så liten «morgonkonsert» på Fitjar rådhus.

Det var sjølvsagt berre ein gimmick. Det seriøse med dette er at ordføraren har kjøpt ei aksje i ei spesiell pipe i det nye orgelet som vert installert i desse dagar, og ho oppfordrar alle til å gjere det same, som ein del av finansieringa av det nye orgelet.

– Løp og kjøp! smiler ho.

Av naturlige grunnar får ein ikkje ta dei nye orgelpipene som ein kan kjøpe aksjar i med seg heim, men utover hausten vil det verte lagt ut gamle orgelpiper for sal til dei som vil sikra seg eit klenodium.

Ta gjerne kontakt med kantor Jan Owerweg om du vil vite meir om dette.