– Glad for at me nådde fram

Rektor Leif Helge Engelsen, i ei av samlingane der han gav fylkespolitikarar oppdatert info om Fitjar vgs. Foto: FP-arkiv/HCH

Det seier rektor Leif Helge Engelsen etter at NRK i går gjorde kjent at SV er samde med Arbeidarpartiet, Senterpartiet og Kristeleg folkeparti om at Fitjar vgs skal førast vidare.

Både Engelsen, ordførar Wenche Tislevoll og mange lokale medspelarar har jobba steinhardt for å få fram at Fitjar vgs er ein framifrå skule som det er meiningslaust å leggje ned. No har dei nådd fram med dette.

Kristeleg folkeparti, Arbeidarpartiet og Senterpartiet manglar ein representant i fylkestinget for å ha fleirtal åleine. At dei får støtte frå SV gjer at det utkrystalliserer seg eit fleirtal på fylkestinget.

– Kampen mot fråfall er vår viktigaste sak. Skular som Fitjar og Austrheim gjer ein viktig jobb for å hindra fråfall. Derfor var dette viktig for oss å få med, seier Marte Hammer (SV) til NRK. Dei siterer òg Tor Arne Ljosland frå KrF som sa at det er viktig å vise at me tek konstruktive innspel på alvor. – Derfor har me mellom anna konkludert med at me ønskjer å behalda Fitjar, sa han.Skulebruksplanen vert endeleg vedtatt på fylkestinget 4. oktober.